sundag 26. februar 2012

Påskejam’en er obligatorisk!
Med i snitt langt over 300 betalande gjester år etter år, er Askesus sitt arrangement eit av dei største i kommunen. Nesten fire, fem timar med variert livemusikk gjer kvelden til ein suksess, både for musikarar og publikum.
Programmet er ikkje heilt spikra enno, men her er det vi har til no:
Anne Marie Russøy tar med seg ein gitarist og sørger for ein mjuk start.
No Label kjem med ein blanding av eigne og andre sine slagarar. Fin dansemusikk!
I tillegg har vi det lokale «Yum Yum Boys», som består av bl.a To Vise karar, ein Kjøsnes og eit par arktiske kugutar i kompet. Her blir da både norske og utanlandske hits – og ein skyhøg allsongfaktor.
Til slutt doblar vi suksessen frå julejammen med Værlandets to store søner Bård og Vegard Leite!
ID: 18. CC: 250,-
Arr: Askesus, Holken, Holmedal Bygdehus.
Publisert i Uncategorized | Ingen kommentarar »
onsdag 21. desember 2011

Årets Julejam går som vanleg 4 Juledag i Holmedal Bygdehus. På Scena i vert det i år både lokale og internasjonale artistar. Arctic Cowboys har samla seg etter stor suksess på you tube med blandt anna video til “Highway 609”. Sunday Morning stiller med sitt 70 tals konsept. Showet består av låtar frå nettop det 10 året.
I tillegg vil dei ha med seg spennande gjestevokalister.
Anna Hlin (Island) og Anthony Lewis (Usa) kjem med show frå sitt nye, HipHop/Rhytm and Blues prosjekt, som er utgitt i desse dagar, ein spennande musikkstil som vi har høyrt lite av i Holmedal tidlegare.
Anna Hlin vart forøvrig nr.2 i Island si utgåve av Idol.
På topp av plakaten har vi Vegard Leite,. Vegard har i høst gjort ein fantasisk prestasjon i det norske Idol, og var berre nokre få stemmer frå og vinne heile “Idol”. Vegard burde være kjent for alle i Sogn og Fjordane, og han stiller på Julejammen for å gi ein takk til alle som har støtta han i årets Idol. Benytt anledningen til å høyre “Idols, absolutt beste vokal” live.
Vi oppfordrar folk til å komme tidleg, då dei første artistane går på scena ca kl.21.20
Det blir buss til Askvoll etter dansen i samband med LTU (lokal transport tilbod for ungdom)

Publisert i Uncategorized | Ingen kommentarar »
onsdag 16. mars 2011

Påskejam 2011
Onsdag 20. April er dagen du bør gå ut i påska. I år igjen blir det storscena i Holmedal med eiga konsertavdeling.
Årets Artister:
SAFT
Shamrock Lads
Pia & The Zawas
+ gjester.
ID: 18. CC: 250,-
Publisert i Uncategorized | Ingen kommentarar »
torsdag 11. mars 2010
31 Mars er det klart for årets happening i påska!
Påskejammen går av stabelen i Holmedal Bygdehus kl 21.00
Mykje god musikk heile kvelden frå blant anna Babe Rawlins, Grytelappane, Purple Heep, Fjern Terje’s Orkester og Ungkar med dobbelseng.

Publisert i Uncategorized | Ingen kommentarar »
fredag 10. april 2009
Bilder frå jammen finn du på eurofoto og facebook
Publisert i Arrangement | Ingen kommentarar »
tysdag 24. mars 2009

Påskejam 2009
Tradisjonen tru går årets påskejam av stabelen onsdag 8. April på Askvoll Fjordhotell kl 21.00.
God musikk heile kvelden.
Kjem du før 22.30 har du sjansen til å vinne ein flott gitar på
inngangsbilletten!
Publisert i Arrangement | Ingen kommentarar »